Ta del i regionen Sunnfjord!
Vurderer du å flytte til regionen Sunnfjord? Vi har gjort det enklare for deg. Her finn du det du treng for å bli kjend med korleis det er å bu, jobbe og leve her. Med regionen Sunnfjord meiner vi Askvoll, Fjaler, Sunnfjord kommune og sørlege del av Kinn og Bremanger.

Balansen mellom jobb og fritid
Ta del i regionen Sunnfjord! Her opplever mange at dei rekk meir. At dei kan balansere jobb og fritid på ein mindre hektisk måte. Her kan du skape ditt eventyr – for vår felles framtid.
Sunnfjord har også problem og ruskever, men vi har unike forutsetnader for å lukkast! Gode folk. Driv. Mot. Nytenkning. Livskraftige verksemder. Mykje og reint vatn. Energi og mineralar. Kort sagt – rike naturressursar. Varmt velkomen!
Din guide til det som skjer i regionen Sunnfjord
I Sunnfjord er det aldri langt til ei skikkeleg god oppleving. Ta del i det som skjer, – og finn det før det skjer. Det skjer saker og ting heile tida, det gjeld berre å finne fram til det som interesserer deg.


Her får du ting gjort
I arbeidsregionen Sunnfjord er det kort veg til ansvar, kort veg til sjefen, kort veg til avgjerdene, kort veg til jobben og kort veg frå tanke til handling. I Sunnfjord får du ting gjort – med heiagjeng!
Fann balansen på bygda
Småbarnsforeldra sat i Oslo og ønska seg ein kvardag som var både innhaldsrik og ukomplisert. Dei ville ha spennande jobbar, nærleik til naturen og tid til familie.
Plutseleg dukka det opp eit forlokkande jobbtilbod på Vestlandet. Omtrent samtidig kom dei over eit hus i Eikefjorden, med god plass og fuglereir i hagen.

Foto: Photoevent
«Heimplassen min»
Sunnfjord-regionen ligg strategisk til midt mellom Ålesund og Bergen. Korleis er det å leve her? Her kan du høyre kva fine folk seier om sine heimplassar: Dale, Askvoll, Florø, Naustdal, Førde og Jølster.
Kvifor velje Sunnfjord?
Sterke næringar
med store ambisjonar innan energi, mineral, teknologi,handel, helse, kultur, entreprenørskap, hav og fjord.
Fleksibilitet
Bu der du trivst best, og pendle enkelt mellom kommunane. Leilegheit midt i byen, eller einebustad landleg og fritt? Du bestemmer.
Vekst og utvikling
Ta del i eit arbeidsliv prega av lagånd, entusiasme og skaparkraft.
Balanse
Her er fritida like rik som arbeidslivet. Lev godt og jobb med noko som betyr noko.
Regionen Sunnfjord i tal
45 000+
Innbyggarar
5
kommunar
500+
bedrifter
60+
offentlege verksemder
40+
barnehagar
2
byar (Førde og Florø)
2
Flyplassar
60+
bygder
6
1000-meters fjelltoppar
