Jobbe i Sunnfjord

Sunnfjord er ein region i utvikling med eit breitt jobbtilbod. Her får du jobbe saman med sterke fagmiljø, framtidsretta bedrifter og menneske som vil skape verdi – lokalt og globalt.

Allsidig arbeidsliv

Fem kommunar. Éin region. Uendelege jobbmoglegheiter.

Sunnfjord-regionen er ein kraftfull kombinasjon av naturressursar, framtidsretta næringsliv, kompetanse og ekte engasjement. Her finn du eit allsidig arbeidsliv med høge ambisjonar – frå verdsleiande satsingar innan energi, mineral, teknologi, helse og havbruk, til innovative gründerar og sterke fagmiljø.

Men det viktigaste vi har, er menneska. Dei som bur her, jobbar her, og skapar framtida saman.

– Har du «drive», blir du lagt merke til

Oslo. Bergen. Kanskje utlandet. Det var planen.

Anna Helena Sundt var ferdig med utdanninga, stod ikkje ein liten by på Vestlandet på kartet. Etter eit halvt år i Sunnfjord er ikkje HR-traineen i tvil:

– Det har vore langt over forventning. Eg elskar jobben, trivst skikkeleg godt og har fått ein fin gjeng rundt meg.

Kvifor velje Sunnfjord?

Fellesskap og skaparmiljø

Jobb aleine, saman med andre.  Å starte bedrift handlar ikkje berre om ein idé. Det handlar om å ha gode folk rundt seg. I Sunnfjord finn du levande miljø for samarbeid og utvikling.

«Det er litt klisjé å seie, men eg jobbar i Førde med heile verda som arbeidsplass.»

– Aurora Andersen, programrådgivar i Norec.

Ledige stillingar

Utforsk ledige stillingar i regionen.
Send også open søknad til bedrifter
du er interessert i.

Her får du ting gjort

I arbeidsregionen Sunnfjord er det kort veg til ansvar, kort veg til sjefen, kort veg til avgjerdene, kort veg til jobben og kort veg frå tanke til handling. I Sunnfjord får du ting gjort – med heiagjeng!