Fann balansen på bygda

Ola Anders Hovland Øren og Astrid Bygdås Høgset sat i Oslo og ønska seg ein kvardag som var både innhaldsrik og ukomplisert. Dei ville ha spennande jobbar, nærleik til naturen og tid til familie. Det ønsket fekk dei oppfylt.

Dato

Toppbilete: Photoevent

— Plutseleg dukka det opp eit forlokkande jobbtilbod på Vestlandet. Omtrent samtidig kom vi over eit hus i Eikefjorden, med god plass og fuglereir i hagen, seier Astrid.

Paret slo til, og erstatta høge bygardar i byen med høge fjell på bygda. No jobbar Astrid som utviklar i Fjord1, der ho dagleg får bruke fagkunnskapen sin i praksis.  

— Eg får ta eigarskap til løysingane og bruke kompetansen min på ein måte som betyr noko lokalt. Det er givande å jobbe tett på drifta midt i ferjekvardagen her på Vestlandet, seier ho.

Remote frå heimekontoret

Ola har hatt Oslo-basert jobb sidan 2022. Han er software engineer i elektronikkselskapet EmLogic, og er glad for han tok sjansen på å jobbe remote.

— Mange trur det verkar einsamt å jobbe mykje åleine, sidan dei fleste kollegaene mine sit i Oslo. Men for meg fungerer det godt. Eg får store delar av dagen til fokusarbeid utan spontane forstyrringar, seier han. 

Tett på verda

Eikefjorden ligg sentralt mellom Førde og Florø, med to arbeidsmarknadar innanfor ein halvtimes køyretur. I tillegg er det kort veg til flyplass i begge byane. Det gjer at ein framleis er tett på resten av verda.

— Eg kan ta morgonflyet og vere på kontoret i Oslo rundt klokka ni, og likevel vere heime igjen same kveld. Det gir mykje fleksibilitet, seier småbarnsfaren.

Ville bli gamle på bygda

Historia deira starta i studietida i Trondheim. Astrid studerte sivilingeniør i matematikk og fysikk, medan Ola tok sivilingeniør i kybernetikk og robotikk. Etter studietida flytta dei til Oslo, der dei budde i nesten tre år.

— Vi likte oss godt i hovudstaden, med jobb, venner og familie rundt oss. Samtidig kjende vi etter kvart at vi ikkje kom til å bli gamle der, fortel Astrid.

Heilt rett val

I mars 2020 gjekk flyttelasset vestover. Same veka blei landet stengt ned på grunn av pandemien.

— Det var ikkje ideelt å etablere seg på nytt midt i pandemien, men vi fekk det til. No i etterkant ser vi kor rett valet var, seier Astrid, som kjem frå Vestnes i Møre og Romsdal.

Sidan dei flytta, har Astrid engasjert seg i lokalsamfunnet som leiar for grendalaget og som initiativtakar til badstueprosjektet Fjelg, som ho har etablert saman med lokale krefter.

— Det er motiverande å kunne bidra til utvikling der ein bur. I eit lite samfunn merkar ein fort at innsatsen har betydning, seier ho.

Balansen

Ola og Astrid er begge 32 år gamle. Saman har dei barna Liv (1 år) og Iver (3 år). No er dei i gong med å skape seg det livet dei ville ha. Eit litt rolegare liv der dei får kombinere interessante jobbar, småbarnsliv og kjenne på ei tilknyting til lokalsamfunnet.

— Etter at vi flytta hit har vi sett kor verdifullt og kjekt det er å kunne bidra til lokalsamfunnet. Det gir oss ei fridomskjensle og eigarskap som vi trur er vanskeleg å finne i ein storby, seier ho.

Dei små tinga

For dei handlar ikkje kvardagen berre om jobb, men alt som ligg i mellom. Fuglebrettet utanfor kjøkkenvindauget, frukost ute om sommaren, ungane som plukkar blåbær og eple frå hagen, og alle dei små møta med folk ein kjenner.

— Vi set pris på småprat på butikken og venskap på tvers av generasjonar. Det er noko med å kunne gå ut av døra og møte kjente utan at det må planleggast, seier Astrid.

Karriere og bygdeliv kan kombinerast

Til andre som vurderer å flytte til ein mindre stad, har paret eit klart råd å komme med.

— Tør å prøve, og stå i det. Det kan ta tid å finne sin plass, men det er verdt det, seier Astrid.

Paret meiner at det heilt klart går an å kombinere karriere med eit bygdeliv, og dei håpar at fleire ser moglegheitene som finst utanfor dei store byane.

— Det handlar om å finne ut kva som faktisk gir meining for deg. For oss har det vist seg å vere her, avsluttar dei.