Jobbe i Sunnfjord

Arbeidslivet i Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune er eit kraftsenter for innovasjon og verdiskaping. Her finn du alt frå tech-startups og banebrytande helseteknologi til grøn industri, eit sterkt bygg- og anleggs­miljø, livskraftig varehandel, sentralsjukehus, landbruk og omfattande kraftproduksjon.

I Sunnfjord møter du eit arbeidsliv med driv og høg kompetanse, der samarbeid, skaparkraft og framtidsretta næringar legg grunnlaget for vekst, utvikling og meistring

Driv og vilje til at det skal gå dritbra

«Å jobbe i eit selskap med ein sterk og framtidsretta visjon, der alle har driv og vilje til at det skal gå dritbra, gjer noko med energien. Eg likar komboen å jobbe med ein lokal gjeng i Førde, samtidig som eg har kollegaer i andre land.»

– Eline Hatlestad Kirkebø, Customer engagement lead Norway, Tibber.

Internasjonal karriere frå ein liten by på Vestlandet

«Det er litt klisjé å seie, men eg jobbar i Førde med heile verda som arbeidsplass.»

– Aurora Andersen, programrådgivar i Norec.

Her får eg jobbe med det eg likar – og folk eg likar!

«Det beste med jobben? Kollegaene! Vi skaper alltid eit godt miljø på byggeplassen. Og fordi Åsen & Øvrelid er passe stort, får eg påverke kvardagen min og jobbe med det eg likar aller best.»

– Marie Bygstad Vie, tømrar i Åsen & Øvrelid

Tech-miljø i verdsklasse

«Vi har faktisk ein av dei best utstyrte robotikklabane i Norge, med teknologi i verdsklasse. Det er ikkje mange som veit at vi har ein high-tech lab i Sunnfjord, og at du har du tilgang til topp utstyr – og folk.»

– Daniel Schäle, HVL Robotics

Variasjon + ansvar = Her går du ikkje lei!

«Og så er det breidda og ansvaret du får i arbeidsoppgåver når du jobbar på eit mindre sjukehus. Sidan du rullerer og er innom dei fleste fagområde og maskiner, er det vanskeleg å gå lei.»

– Vegard Flatjord, radiograf i Helse Førde

Sjekk ut eit utval arbeidsgivarar i Sunnfjord