Her luktar det framtid – og den er nyvaska!

Sidan starten som eit lokalt familieinitiativ i 1970, har Nor Tekstil utvikla seg til ein nasjonal industrileiar med solide røter på kysten. Med 25 avdelingar og over 1500 tilsette er Nor Tekstil ein leiande aktør innan grøn industri og tekstiltenester.

Dato

Toppbilete: Håvard Stubhaug, Nor Tekstil

I Florø ligg både hovudkontoret og eit av landets mest moderne vaskeri – eit arbeidsmiljø fullt av folk med lidenskap for teknologi, berekraft og industri.

Enten du er nyutdanna eller erfaren – her får du vere med å utvikle framtidas grønne industri midt i hjartet av Vestlandet. Her får du jobbe i eit fagmiljø som. kombinerer høgteknologiske løysingar med ekte vestlandsk stå-på-vilje. For mange unge er Nor Tekstil det første møtet med arbeidslivet – for andre er det ein stad å bygge karriere i eit selskap som satsar, utviklar og tar ansvar.

– Vi er veldig bevisste på at vi er frå Florø, seier Silje Mari Sunde, leiar prosjekt konsern i Nor Tekstil.

– Kompetansen, kontinuiteten og arbeidsmiljøet som ligg til grunn for suksessen vår nasjonalt, har sitt utspring her. Den suksessfaktoren kan vi ikkje tulle med.

I dag har Nor Tekstil om lag 100 fast tilsette i Florø, halvparten i produksjon og halvparten i administrasjon. I tillegg får mange unge sitt første møte med arbeidslivet her – berre denne sommaren hadde nær 30 ungdommar sommarjobb ved vaskeriet. Nasjonalt tilbyr konsernet rundt 500 sommarjobbar og har over 1500 fast tilsette.

Industribyen som heiar på vekst

At hovudkontoret ligg i Florø, er ingen tilfeldigheit.

– Å halde til i ein by som heiar på industrien og legg til rette for vekst, er særs viktig for oss, fortel Sunde.

Medan Nor Tekstil skaper arbeidsplassar og aktivitet, gjev dei òg ringverknader til lokale hotell, restaurantar og leverandørar. Det nye administrasjonsbygget, LYSThuset, vart reist i samarbeid med fleire lokale aktørar – eit symbol på både samarbeid, skaparglede og framtidstru. Bedrifta er dessutan ein aktiv støttespelar for kultur og idrett i byen.

I eit miljø der folk kjenner kvarandre, får du både ansvar, støtte og moglegheita til å utvikle deg – anten du jobbar på golvet eller på kontoret.

Rekruttering med LYST

Nor Tekstil har både eit lokalt og eit nasjonalt fokus på rekruttering, og ønskjer å tiltrekke og behalde gode folk i alle ledd.

– Det er stort å endeleg kunne tilby framifrå kontorlokale i Florø. Vi deltek på messer som Framtidsfylket og Hausttreffet, der vi viser fram kor spanande og mangfaldig det er å jobbe i Nor Tekstil og i industrien, seier Sunde.

Verdiane deira er samla i ordet LYST – Lidenskap, Ytelse, Service og Tillit – og det er nettopp dei som har lyst, som passar inn.

I framtidas administrasjon treng Nor Tekstil dyktige folk frå mange fagfelt – frå IT og fornybar energi til HR, økonomi og innkjøp.

– Vi treng òg jamleg arbeidskraft i produksjonen, og ser nasjonalt at til dømes storbil-sjåførar er ettertrakta kompetanse. I år har vi fått vår første trainee frå Framtidsfylket – innan berekraft – og det er vi stolte av, fortel Sunde.

Florø som testarena for ny teknologi

Satsinga i Florø handlar òg om innovasjon. Vaskeriet her blir ofte brukt som pilot for nye teknologiske løysingar. Alle tekstilar har fått chip for sporing, og ein sorteringsrobot med kunstig intelligens handterer dei tunge oppgåvene – same teknologi som blir brukt i Disney World i Florida!

– Vi testar ut mykje nytt her i Florø, og det vi ser fungerer, tek vi vidare til andre anlegg i landet, forklarar Sunde.

Oppgraderinga av vaskeriet i 2024 gav store resultat: 150 000 kWh spart energi og over 25 tonn redusert CO₂ på eitt år. Robotisering har gjort kvardagen lettare for dei tilsette, og med solenergi frå det nye administrasjonsbygget går stadig fleire prosessar på grøn energi.

– Det er spanande å sjå kor mykje vi kan oppnå med ny teknologi og smarte løysingar.

Med berekraft som drivkraft

Nor Tekstil har lenge vore ein pioner innan miljø og berekraft. Sidan 2008 har dei publisert berekraftsrapportar, og tala talar for seg: 35 prosent lågare CO₂ utslepp per kilo vaska tøy.

– Vi har for lengst erfart at det er god økonomi i berekraftig drift. Kundane våre krev det, og vi vinn kontraktar på å vere best på berekraft i vår bransje, seier Sunde.

Bedrifta nyttar regnvatn, reinsar og gjenbrukar vaskevatn, fangar opp mikroplast, bygg solcelleanlegg og erstattar dieselbilar med elbilar. Dei er i tillegg pådrivarar for å finne sirkulære løysingar for tekstilavfall – ei av bransjens største utfordringar.

Kunnskap, teknologi og framtidstru

– Vi er lidenskapeleg opptatt av vaskerifaget! seier Sunde med eit smil.

Gjennom tett samarbeid med leverandørar, innovasjonsselskap og kundar utviklar Nor Tekstil stadig nye løysingar. Dei satsar på «best available technology» i alle nye anlegg. I tillegg til å modernisere eksisterande vaskeri i Florø og Bergen, byggjer dei heilt nye anlegg i både Ålesund og Tromsø.

Over 97 prosent av tekstilane deira blir vaska ved Svanemerka anlegg, og LYSThuset i Florø er Noregs første Svanemerka kontorbygg.

Nor Tekstil ser lyst på framtida. Med hovudkontor i Florø og avdelingar i 25 norske byar, er dei godt rusta til vidare vekst.

– Vi skal halde fram med å vere leiande på berekraft og teknologi, og Florø vil alltid vere hjartet i verksemda vår, seier Silje Mari Sunde.

For deg som vurderer ei framtid i Florø: Nor Tekstil viser at du kan bygge karriere, teknologi og grøn industri – rett frå verdas vakraste kyst.