Finansiering og støtteordningar
Mange kan kjenne på bekymring knytt til økonomien dersom ein går med ein idé om å starte noko sjølv. For mange kan kapital vere heilt avgjerande i oppstarten. Det finst fleire støtteordningar som er verdt å sjekke ut. Vi har samla ei liste til deg her.

Foto: Drivkraft
Drivkraft
Drivkraft er eit initiativ oppretta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og SpareBank 1 Sogn og Fjordane, bygd på eit solid verdigrunnlag og med ein startkapital på 100 millionar kroner. Målet med Drivkraft er å vere ein pådrivar i utviklinga av både nytt og eksisterande næringsliv i regionen.

Foto: Photoevent
Innovasjon Norge
Innovasjon Norge er til for deg som har ein idé eller eit prosjekt som kan skape vekst og utvikling. Med lån, tilskot og garantiar til alt frå oppstart og produktutvikling til investeringar og vekst, er dei ein viktig støttespelar for å realisere ambisjonane dine.

Kraftfond i Jølster og Gaular
Sunnfjord Utvikling administrerer to aktive næringsfond i Sunnfjord kommune. Dette er Gaularfondet og fond for Jølstra kraftverk. Begge fonda har næringsretta føremål, men noko ulike retningslinjer. Begge fonda har opp til ei utlysning årleg.

Peak Venture
Går du med ein idé som kan bli stor innan teknologi, kan det vere at Peak Venture vil satse pengar på deg. Det er eit investeringsfond og investornettverk som investerer i tidlegaste teknologiselskap på Vestlandet.

Sparebankstiftinga Sparebanken Vest
Sparebankstiftinga Sparebanken Vest støttar gründerar og nyskapande prosjekt med kapital og kompetanse, og fremjar berekraftig utvikling i regionen.

Foto: Vidar Helle
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut midlar til prosjekt som styrkjer lokalsamfunnet, og har særleg fokus på gründerar og nyskapande bedrifter. Med støtte frå stiftinga kan du få både kapital, nettverk og kompetanse som hjelper deg å realisere ideane dine og vekse i regionen.