Næringsområde
Samarbeid er eit stikkord du høyrer ofte i regionen vår. For nettopp det er vi gode på. Vi har drivande dyktige folk som kan vere kommande samarbeidspartnar for nettopp deg og di bedrift.

Fjord Base Gruppen
Noregs største forsyningsbase. Det er ein dynamisk arena for både olje-, gass- og fornybar energi. Her får bedrifter tilgang til topp moderne fasilitetar og eit miljø for samarbeid, innovasjon og vekst.

Lutelandet
Lutelandet utviklar seg til eit grønt industriknutepunkt med plass til framtidsretta bedrifter. Her kan bedrifter samarbeide i industriell symbiose, dele ressursar og skape nye løysingar saman. Lutelandet Offshore AS driv utviklinga og legg til rette for vekst, innovasjon og grøne moglegheiter.
