Skape i Sunnfjord
Forsking tyder på at natur gjer oss meir kreative. Nettopp derfor er Sunnfjord ein perfekt stad til å både skape og vidareutvikle bedrifter. Selskap som Tibber, Evoy og Eduplation er født her, og heile regionen er rigga for fleire suksessfulle bedriftseventyr.
Som gründer kjenner du sikkert på trongen til å utforske. Skape, prøve, feile – og finne ut kva som fungerer. Det er meir enn nok å bruke tida si på når du vil bygge di eiga bedrift. Vi vil gjere det enklare for deg å finne fram i jungelen av støtteordningar. Her har vi samla fleire av dei, slik at du kan bruke tida di på det som betyr mest: å realisere ideen din.
Med vin i segla
Ho har budd på tre kontinent og utforska verda med opne auge. Men det var først heime i Sunnfjord ho fann prosjektet som verkeleg fekk det til å krible.
Her deler Camilla Aasen erfaringane sine om korleis støtteordningar og gode nettverk kan gjere idear til draumar som blir realisert.


Starthjelp for gründerar
Det kan vere overveldande å starte for seg sjølv. Kven bør du snakke med? Kva er neste steg? Vi har laga ei oversikt til deg som kan gjere det hakket lettare å navigere i oppstartjungelen.

Fellesskap og skaparmiljø
Det treng ikkje vere einsamt å vere gründer. I Sunnfjord har vi fleire levande skaparmiljø der du kan dele idear, få fagleg sparring og bygge nettverk.