Studere i Sunnfjord

Visste du at Høgskulen på Vestlandet har eigen Campus i Førde? Vi har også ein fagskule med høgare yrkesfagleg utdanning og eit studiesenter Kysten med student-hubar. Så er vi stolte av eit topp internasjonalt college i Fjaler og legestudie i Førde. Les kva meir vi har under.

Utdanning

Høgskulen i Vestland Campus Førde har gode tilbod for dei som vil studere sjukepleie eller ingeniør-/teknologifag. Her kan du i enkelte fag gå heile vegen frå årsstudium, bachelor til master. Studia har miljø med stor grad av innovasjon og utvikling, m.a. innan robotikk.

Fagskulen Førde ligg på Skaparhuset på Øyrane, med nye lokale og lab-fasilitetar med topp moderne utstyr.

Studiesenter Kysten er eit desentralisert studiesenter på Kysten av Fjordane i Vestland og er skapt i samarbeid mellom Kommunane: Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger. Dei tilbyr utdanningshubar i alle samarbeidskommunane.

Førde har no også blitt ein del av “Vestlandslegen” – eit desentralisert studietilbod frå Universitetet i Bergen der legestudentar kan ta siste åra av medisinutdanninga i Førde.

Sunnfjord har ein eigen folkehøgskule med både heil- og halvårstilbod. Her er noko for alle, m.a. linjer for vektløfting, volleyball, e-sport og musikal/teater.

Grunnskule og vidaregåande

Sunnfjord har mange barne- og ungdomsskular, men også tre vidaregåande skular med mange ulike liner, både studiespesialiserande og yrkesfaglege.

Vidaregåande skular: