Om oss

Bakgrunnen for å lage denne nettsida er eit ønske om å lukkast med rekruttering. Vi treng fleire folk skal vi auke verdiskapinga og næringsutviklinga. Difor løftar vi no vekstregionen Sunnfjord som bu- og arbeidsområde.

Regionen omfattar kommunane Askvoll, Fjaler, sørlege del av Kinn og Sunnfjord. Men våre gode naboar; Bremanger, Høyanger og Gloppen høyrer naturleg til i vekstregionen. Sunnfjord og nabokommunane er gjensidig avhengig av kvarandre.

For næringslivet

Initiativet kom frå næringsutviklingsselskapet Sunnfjord Utvikling AS i 2022 på bakgrunn av ein nærings- og ringverknadsanalyse for regionen.

Analysen peika på fleire strategiske retningar for fornying og vekst og tilgang til arbeidskraft. Eit av fleire foreslåtte tiltak var ein tydelegare og sterkare kommunikasjon av dei komparative fortrinna bu- og arbeidsregionen vår har. Få fram heilskapen i regionen.

Denne nettsida er eit svar på det behovet. Målet har vore å gje særleg næringslivet, men også kommunane og andre verksemder i regionen verktøy for å styrke vår posisjon og å gjere Sunnfjord meir synleg, anerkjend og attraktiv for utvalde målgrupper.

«Sunnfjordlaget»

Sunnfjord Utvikling samarbeider med næringsliv, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, kommunar og verkemiddelapparat i regionen om eit «Sunnfjordlag». Her er kvifor vi treng nettopp det:

  • Auka synlegheit: Saman står vi sterkare og kan skape meir merksemd enn kvar for oss.
  • Styrka omdømme: Ein samla og tydeleg bodskap byggjer tillit og gjer regionen meir attraktiv.
  • Betre rekruttering: Vi kan lettare tiltrekke oss den kompetansen næringslivet treng.
  • Auka bulyst og besøkslyst: Ein attraktiv region er bra for alle som bur og driv verksemd her.
  • Felles identitet: Vi byggjer stoltheit og samhald internt i regionen.

Kva inneber det å vere med på Sunnfjordlaget?

Vi skal bidra til god utvikling gjennom entusiasme, vekstvilje, ambisjonar og lagånd. Sunnfjordlaget vil bidra med gode pasningar til kvarandre og samarbeide der vi kan.

Her er tre måtar du kan bidra på for å sikre kraft og retning:

  • Emosjonell støtte: Engasjement og tru på at vi saman kan løfte Sunnfjord. Velvilje til å tenke regionalt og dele suksesshistorier.
  • Praktisk støtte: Deling av idear, nettverk og kompetanse, eventuell deltaking i arbeidsgrupper for konkrete tiltak. Aktiv bruk og deling av felles materiell og bodskap.
  • Økonomisk støtte: Eit eingongsbidrag på NOK 30 000,- per verksemd. Midlane vil gå uavkorta til å finansiere felles kommunikasjonstiltak, utvikling av materiell (tekst, bilete, film) og synlegheit i relevante kanalar for å løfte Sunnfjord-regionen.

Vil du bli med i Sunnfjordlaget? Ta kontakt med ein eller fleire av desse!

Kontaktpersonar i Sunnfjordlaget:

  • Gunhild Berge Stang, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling – T: 97 65 37 85 E: gunhild.berge.stang@sunnfjord.no
  • Astrid Marie Vie, prosjektleiar i Sunnfjord Utvikling – T: 99 72 51 43 E: astrid.marie.vie@sunnfjord.no
  • Anne Mette Hjelle, ekstern prosjektleiar, Ymsir AS – T: 99 28 43 02 E: annemette@ymsir.no
  • Andreas Fonn Macsik, dagleg leiar i Nytta AS – T: 90 51 71 73 E: andreas@nytta.no
  • Linn Theres Nekkøy, dagleg leiar i Aksello AS – T: 95 82 00 63 E: linn@aksello.no