Oppleve Sunnfjord

Utforsk kulturen

Det kan ofte ta litt tid å finne sin plass på ein ny stad. Utforsk kulturen og bli kjent med regionen og folka. Det kan være både ein god møteplass og bli ei god oppleving.

U40

Sunnfjord U40, Flora U40 og Fjaler U40 er møteplassar for unge under 40 som bur eller har tilknyting til Sunnfjord og Fjaler. Her kan du være med å bygge nettverk, dele idéar og skape bulyst saman. Er du ny i Sunnfjord, er dette ein bra plass å få nye venner. Meld di interesse på nettsidene sunnfjordu40.no , florau40.no eller fjaleru40.no (nettside kjem)

Førdehuset

Førdehuset er eit regionalt kulturhus, med konsertsal for dei store navna, teater og eit samla kulturtilbod ein storstad verdig. Her finn du symjehall, idrettshall, kino og bibliotek, under same tak. Ikkje nok med det. I kjellaren held tre verkstader til. Ein for tekstil, ein for keramikk og ein for tre-arbeid. Formålet er å halde kunnskapen levande, og samtidig skape rom for skaparglede og fellesskap.

Jakob Sande – Senter for forteljekunst

Jakob Sande fra Dale i Sunnfjord var poeten som kunne skrive både vakkert og voldsomt. I dag er Jakob Sande – senter for forteljekunst, eit nasjonalt senter for munnleg og skriftleg forteljekunst. Ein kan melde seg på litteraturakademiet, som er eit akademi for alle som vil utvikle eigne evner til å lytte, til dialog, til å fortelje, skrive, samhandle og skape. Senteret har mange arrangement for folk flest i løpet av året, ein koseleg cafe og bokhandel i gamle skulestova, ei løe til leige og diktarar i residens på Steia Gard.

Musea i Vestland

5 av musea ligg i Sunnfjord, og formidlar natur-, kulturarv og kunst. I tillegg til faste utstillingar har dei ofte eigne arrangement verdt å få med seg, for både vaskne og born.

Stig inn i dei små lafta stovene i Sunnfjord Museum og opplev livet til sunnfjordingen på 1800-talet.

Opplev eit unikt utval av arbeida til paret på Astruptunet og gå gjennom dei frodige motiva frå måleria.

Kystmuseet i Florø kan du oppleve kystkultur frå ei svunnen tid, historiske sjøbuer og kystlynghei.

Kunstmuseet i Førde kan du fordjupe deg i og tolke kunst gjennom 3 etasjar, og sjå skiftande utstillingar.

Eikaasgalleriet ved Jølstravatnet/E39 viser kunst av den nyskapande Ludvig Eikaas og andre kunstnarar.

Teater Vestland

Teater Vestland er eit regionteater som turnerer i Vestland fylke. Det vart etablert i 1977 med namnet Sogn og Fjordane Teater, som det andre nynorskteateret i Noreg. Teater Vestland nyttar nynorsknære dialektar som scenespråk og viser kvart år 5-7 premierer og rundt 250 framsyningar. Nyleg flytta Teater Vestland inn i nye teatersalar i Nynorskhuset, saman med NRK Vestland, Firda, Nynorsk Avissenter og Nynorsk mediesenter, den største nynorskklynga i landet.

Samvirket

Samvirket i Dale er eit kulturhus fylt med liv og røre. Her er det ofte konsertar og foredrag. Her er møteplass for ungdom, utleigesentral for utstyr, produksjonslokale for teater og andre uttrykk, studio for innspeling av podkast, storsal med profft lydanlegg og elles plass til ulike arrangement. Det er selskapet Preform som driftar bygget og har vidareutvikla huset til å bli eit moderne og profesjonelt kunstproduksjonshus på bygda.

«Bli med på den lokale dugnaden og still opp som frivillig. Ikkje berre gjer det godt å bidra, men du blir også ein del av lokalmiljøet på rekordtid.»

– Rolf Golten Andersen, alias KOKOSBANANAS

Bokbadet i Bremanger

Ein gang i månaden er det bokbad med gratis inngang for alle som vil komme, og signering av bøker av den utvalde forfattar til dei som vil ha det. Tid og stad varrierer, men vert kommunisert ut på kommunen sine nettsider og sosiale medier. – Ambisjonen er å skape blest for Bremanger gjennom desse arrangementa der vi snakkar med forfattarar som har relevans for dei som bur i området, og er interesserte i litteratur, fortel Dag Nestegard. Initiativet kom frå tilflyttarkontoret i Bremanger.

Frivilligheitssentralen

Frivilligsentralen koordinerer frivillig innsats og formidlar kontakt mellom menneske, lag og organisasjonar på tvers av fagområde i lokalsamfunnet. Nokon treng hjelp, andre ynskjer å hjelpe, og alle vil gjerne delta! Slik blir dette gode møteplassar. Du finn minst ein slik sentral i alle kommunane i Sunnfjord: Askvoll, Fjaler , Kinn, Bremanger, og Sunnfjord kommune

Alltid ein Quiz

Å samlast til Quiz er ein fin måte å teste kunnskaps-nivået og ha det kjekt i lag. I Førde er onsdags-Quizen på Elvesus så pass populær at det er lurt å være tidleg ute for å få plass. Men det er alltid ein quiz ein stad. Det er berre å google quizz + aktuell plass. Du får treff på Havlys i Bremanger, Bremanger Fjordhotell i Svelgen, Fredagsbar med Quiz på Fabel i Dale, og pubquizz på Askvoll Sjøbuer, eller show og quiz på samfunnshuset.

I Flekke kan du gå på «Quiz med bar» i ungdomshuset. Quiz på Tønna i Bygstad blir gjerne arrangert i samband med jul og påske-feriar, slik at folk som kjem heim kan møtast.

Foto :

Fjordkysten Regional og Geopark

er ein UNESCO Global Geopark – Noregs første og einaste kombinerte regionalpark og geopark.
Dette er ikkje ein park i vanleg forstand, sjølv om det er den kaledonske fjellkjeden og kystlyngheiene i Solund, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og deler av Sunnfjord kommune, som dannar rammene rundt. Parken er ei samarbeidsplattform mellom medlemsverksemder frå næring, det offentlege og dei frivillige. Målet er å vise korleis geologien har skapt grunnlag for menneska sine liv dei siste 10 000 åra. Du kan besøke ei rekke med «episenter» i området.
Les meir om kva dette er her