Oppleve Sunnfjord

Turar og aktivitetar

Kvar kan ein møte Sunnfjordingen? Hen er ganske aktiv og held på med mykje forskjellig. Du kjem ikkje til å mangle tilbod uansett kor i Sunnfjord du vel å bu. Så kven er du?

Badenymfa

Sunnfjord, har eit kystlandskap som sjelden frys til is, noko som gjer bading i sjøen mogeleg året rundt. Dette i kombinasjon med sauna/badstu er ein vinnar.  Du finn dei på Skei, i Førde og i Dale, men det kjem nok fleire. For deg som vil ha det litt varmare i vatnet, kan terapibassenget i Førde (helsetunet), bassenget i Førdehuset, Havhesten i Florø eller søndagsbadinga i Røde Kors Hauglandsenter (Flekke) sitt basseng være veldig gode alternativ. Det fins babysvømming, familiebading, voksenbading, morgonsvømming og nybyrjarkurs.

Dansaren

I Førde finn du Danseverkstaden, ein stad for små ballerinaer, tøffe hip hop dansarar og andre som berre vil danse. I kvar ei bygd finnes det ellers eit bygdeungdomslag som har alt fra folkedanskveldar til boogie woggie kurs.

Dykkaren

Sunnfjord tilbyr svært gode forhold for dykking. Her er naturdykking med god artsrikdom, vrakdykking og spennande dykketerreng som tareskog og vegger. Sjekk ut Gulen Dive Resort, Korssund Dykkeklubb eller Florø Froskemannsklubb.

Fjellgeita

På hausten eksploderer Sunnford i haustfargar, og fjella er fulle av “fjellgeiter”, likevel utan kø-tendensar. Indre Sunnfjord Turlag har mange gode tips til fine fjellturar. Dei arrangerer også fellesturar, som er ein fin måte å bli kjend med Sunnfjordingar og tilflyttarar. På våren kjem Sunnfjord og Dalsfjorden med sine utvalde toppturar til Tituren, som ein har fram til oktober å fullføre. Sjekk også ut Barnas Turlag som har aktivitetar for barn og familiar i heile Sunnfjord, eller Bre- og Fjellsport gruppa om du vil ha litt større utfordringar.

Sangfuglen

Å bli med i kor er ein fin måte å få venner på. Førde har kora “Kor Før`de”, Kvitre og Buldre. Florø har Gnist og Brandsøykoret. I Eikefjorden kan du synge med Koriander.

Springaren

Å springe, sprang har sprunge. Sunnfjordingen er generelt ganske aktiv og det er mange løp å delta på. Her er Jølster Maraton, Hestane Skyrace (som ikkje er for hestar), Enivest Sunnfjord Ultra fra Førde til Rivedal, og mange fleire. I Florø kan du springe Florømila Rett Vest, være med på Florøleikane og bli med i løpegruppa FloRøn som først og fremst er ein god møteplass. Det vil ellers alltid finnast eit idrettslag nær deg.

Skyttaren

Sunnfjord er full av flinke skyttarar og det kjem nok av at det er vanleg å gå på jakt. Sunnfjord Samskyttarlag omfattar skyttarar frå alle skytterlaga i heile Sunnfjord, og nabokommunane Hyllestad og Solund, og mange deltek på Landsskyttarstemnet. For å trene og bli gode fra tidleg alder finst det skytebaner over alt, men i Dale har dei ei innandørs skytebane i Fjalerhallen, som er bygd spesifikt for formålet. Fasilitetane på Grovastøylen skyte- og aktivitetssenter er likevel i særklasse, noko Florø, Brandsøy og Eikefjord skytterlag nyt godt av.

Sportsfiskaren

Sunnfjord er eit eldorado for fiske i elv, sjø og innsjø. Når du bur her har du alltid kort veg til ei lakseelv, ørretfiske eller gode fiskeplassar lenger ut mot havet. Vi nevner i fleng; Flekke elva, Gaularvassdraget, Osenelva, Nausta, Jølstra og Jølstravatnet. For fiske i elv og innsjø, må ein som regel ha fiskekort.


Kjelder: efan.no og lakseelver.no

Syklisten

Det går både oppover og nedover, og gjerne ut på landevegar.  Her er litt inspirasjon:

Tips til turar

Alle kommunane i Sunnfjord har ei dagsturhytte, og alle ligg vakkert til. Hyttene er opne og tilgjengeleg for besøk, og er ein fin plass å ete nista si, lese ei bok eller berre slappe av litt før heimturen.