Arbeidslivet i Fjaler kommune
Arbeidslivet i Fjaler er prega av samarbeid, mangfald og skaparkraft. Her finn du bedrifter innan fornybar energi, teknologi, havnæring og landbruk – alle med eit sterkt fokus på utvikling og innovasjon. Kommunen er særleg kjend for sitt kreative og samfunnsengasjerte miljø, og har solide kultur- og utdanningsinstitusjonar med både nasjonale og internasjonale samarbeid. Helse og rehabilitering står sterkt, og tilbyr eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Revolusjonerer vasskraft
«Det var dei interessante prosjekta og oppgåvene i Hywer som gjorde at vi flytta til Fjaler. Det er lettare å få til ting her. Det er utruleg at vi har slike spennande kunnskapsbedrifter i bygda, og at eg får vere med og revolusjonere vasskraft!»
– Bjarte Grytli Seim, avdelingsleiar Prosjektering i Hywer


Kultur med puls – arbeidsdagar fulle av energi!
«I Dale får du vere med og skape i eit rikt kulturmiljø med lange tradisjonar, Vi har eit mangfaldig miljø, samanvevd av profesjonelle og frivillige aktørar. Arbeidsdagen er full av energi, kreativitet og gode møte mellom folk!»
– Rakel Cecilie Wilhelmsen, dagleg leiar Jakob Sande senteret
Globalt engasjement – midt i Fjaler!
«Tenk å få jobbe på ein internasjonal skule med 200 elevar frå nær 85 ulike land, i vesle Fjaler. Å bidra til like sjansar til utdanning er utruleg meiningsfylt! Jobben gir moglegheiter til reiser i inn- og utland, og ingen dagar er like.»
– Leonora Kleiven, Direktør for Samfunnskontakt og Kommunikasjon i UWC Red Cross Nordic


Livsmeistring med mening – kvar dag gjer vi ein forskjell!
«Å gje menneske som har hamna utanfor arbeidslivet ein meir fargerik kvardag, sjå dei bryte barrierar og knekke livsmeistringskoden, er meiningsfullt. At arbeidsplassen ligg tett på naturen – som vi brukar aktivt som lærings- og meistringsarena – gjer opplevinga endå rikare. I tillegg kan eg glede meg over å møte ei røys med trivelege kollegaer kvar dag.»
– Inge Holsen, teamleiar Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter