Bu og leve i Sunnfjord
Vurderer også du å flytte til Sunnfjord? Stadig fleire menneske ser fordelar med det naturbane – og rom for å sette idear til livet! Her har vi samla litt av det du treng av informasjon for å skaffe deg ein ny heim, nye vener og ny barnehageplass eller skule.
Toppfoto frå Florø: Cecilia Molander

Korleis få nye vener?
Du treng eit sosialt liv, men korleis få nye vener? Sunnfjord er den 2. mest folkesterke regionen i Vestland. Det er altså gode sjansar for å bli kjent med nye folk.
Korleis? I Sunnfjord har vi mange kontorfellesskap og skaparmiljø. Vi har også nettverksforeininger for både dei under 40 og dei over – både i Førde og Florø. Fjaler er i gang med å etablere eit U40.
- Flora U40
- Sunnfjord U40
- Fjaler U40 (kjem)
- Askvoll (kjem)
Ola Anders Hovland Øren og Astrid Bygdås Høgset sat i Oslo og ønska seg ein kvardag som var både innhaldsrik og ukomplisert. Dei ville ha spennande jobbar, nærleik til naturen og tid til familie. Det ønsket fekk dei oppfylt – i Eikefjord.
— Tør å prøve, og stå i det. Det kan ta tid å finne sin plass, men det er verdt det, seier Astrid. Les heile artikkelen.
Finn ny heim
Utforsk ledige bustader i heile Sunnfjord-regionen. Legg inn autosøk på:
og/eller kontakt lokale partnarar som
Her er noko for alle, frå sentrale leiligheiter, til sentrale og landlege einebustader.

Foto: Photoevent
Finn barnehageplass og skule
Skal du ha barnehageplass, skule eller anna av kommunale tenester, så er det dei ulike kommunane du må gå til. Under kan du utforske den kommunen som er mest aktuell for deg.

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord
Askvoll kommune
Askvoll består av mange små bygder, frå inst i Førdefjorden til øyane i vest. Her finn du mykje reiseliv og tradisjon, alt frå Helle Knivfabrikk til småbruk, oppdrett og fiske.

Foto: Gode Bremanger/ Jostein Vedvik
Bremanger kommune
Bremanger kommune ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord. Her bur dei om lag 3400 innbyggarane spreidde ut over fleire idylliske grender, frå hav til bre. Industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket til Bremanger.

Foto: Jonas Svane
Fjaler kommune
Fjaler er kommunen der Jakob Sande har inspirert til mykje kultursatsing og der næringslivet spenner frå fornybar energi til teknologi og helse. Fjaler er m.a. vertskap for United World College og Haugland Rehabiliteringssenter.

Florø frå aust. Foto: Visit Fjordkysten
Kinn kommune
Denne kystkommunen har Florø som administrasjonssenter, Noregs vestlegaste by. Her kan du nyte småbyidyllen med sjarmerande kaféar og finebutikkar, samtidig som du har kort avstand til spanande aktivitetar og spektakulære naturopplevingar. Kinn byr på maritim innovasjon i verdsklasse og vakker skjergard. Florø har eigen flyplass og er tett på all aktivitet i Nordsjøen.

Sunnfjord kommune
Med Førde i sentrum, tilbyr denne kommunen naturbane kvalitetar og eit mangfaldig næringsliv. Førde er i tillegg ein nasjonal distriktshub for statlege arbeidsplassar og er vertsskapsby for m.a. Teater Vestland. Her finn du Førde Sentralsjukehus, Lotteri- og stiftelsestilsynet, Norec og mange andre spennande arbeidsplassar. Nokre få minutt unna er du midt i fantastisk natur!