Jobbe i Sunnfjord
Sunnfjord er ein region i vekst, med spennande moglegheiter innan energi, teknologi, helse, havbruk og mineral. Her får du jobbe saman med sterke fagmiljø, framtidsretta bedrifter og menneske som vil skape verdi – lokalt og globalt.
Allsidig arbeidsliv
Fire kommunar. Éin region. Uendelege jobbmoglegheiter.
Sunnfjord-regionen er ein kraftfull kombinasjon av naturressursar, framtidsretta næringsliv, kompetanse og ekte engasjement. Her finn du eit allsidig arbeidsliv med høge ambisjonar – frå verdsleiande satsingar innan energi, mineral, teknologi, helse og havbruk, til innovative gründerar og sterke fagmiljø.
Men det viktigaste vi har, er menneska. Dei som bur her, jobbar her, og skapar framtida saman.
«Det er litt klisjé å seie, men eg jobbar i Førde med heile verda som arbeidsplass.»
– Aurora Andersen, programrådgivar i Norec.
Kvifor velje Sunnfjord?
Sterke næringar
med store ambisjonar innan energi, mineral, teknologi,handel, helse, kultur, entreprenørskap, hav og fjord.
Fleksibilitet
Bu der du trivst best, og pendle enkelt mellom kommunane. Leilegheit midt i byen, eller einebustad landleg og fritt? Du bestemmer.
Vekst og utvikling
Ta del i eit arbeidsliv prega av lagånd, entusiasme og skaparkraft.
Balanse
Her er fritida like rik som arbeidslivet. Lev godt og jobb med noko som betyr noko.

Her får du ting gjort
I arbeidsregionen Sunnfjord er det kort veg til ansvar, kort veg til sjefen, kort veg til avgjerdene, kort veg til jobben og kort veg frå tanke til handling. I Sunnfjord får du ting gjort – med heiagjeng!
Ledige stillingar
Utforsk ledige stillingar i regionen.
Send også open søknad til bedrifter
du er interessert i.
