Jobbe i Sunnfjord

Arbeidslivet i Askvoll kommune

I Askvoll går tradisjon og innovasjon hand i hand. I fleire generasjonar har dei husa ein verdsleiande knivprodusent, samtidig som det blir satsa stort på framtidas sjømat og smarte løysingar for livet på havet. Her ligg også Sunnfjord Geo Center – ein nasjonal pioner innan geologi, klima og geoteknikk. Kommunen sjølv er ein viktig arbeidsgivar, og saman med næringslivet skapar dei eit variert og levande arbeidsliv.

Havtech + framtidsteknologi = draumejobb!

«Sjølvsagt diggar eg jobben min i Havtech! Vi koplar det maritime med framtidas teknologi, og eg får eg vere med på utviklinga til både produktet og selskapet. Ekstra motiverande er det å vere med å skape arbeidsplassar i regionen vår!»

– Ann Kathrin Hårklau, Sals- og marknadssjef i Havtech.

Knivskarp stoltheit – frå Holmedal til Japan!

«Det beste med jobben min er å ta del i prosessen med å skape ei merkevare som er ettertrakta verda over. Ein kniv som blir handlaga i lille Holmedal og sendt til både Canada og Japan. Det å sjå kniven bli til frå treklossar som blir kappa og stål hogd ut, til kunden har den ferdige kniven i handa si»

– Ina Malene Høvik, kaviltetsansvarleg i Helle Norway.

Opplever kreftene med naturen som arbeidsfelt

«Det kjekkaste med jobben er å reise rundt i fylket og møte folk som vil få til noko – alt frå små tiltak til store prosjekt. Eg får oppleve naturen på nært hald, lære kreftene å kjenne og bygge trygge og spennande prosjekt.»

– Alice Hestad Vie, avdelingsleiar geoteknikk i Sunnfjord Geo Center.

Sjekk ut eit utval attraktive arbeidsgivarar i Askvoll