Arbeidslivet i Bremanger kommune
Bremanger er ein kommune med kraft og ressursar – bokstaveleg talt. Her finn du arbeidsplassar i verdsleiande næringar: fornybar energi, metallproduksjon, fiskeri og havbruk. Bremanger er eit populært reisemål som skapar jobbar innan mat, overnatting, kultur, transport og opplevingar. I tillegg er kommunen sjølv ein stor arbeidsgjevar med varierte jobbar innan helse, utdanning, administrasjon og tekniske fag. Jobb i ein ressursrik kommune som gjer det enkelt å etablere seg.
Skapar sin eigen arbeidsdag
«Det er utruleg spennande å skape sin eigen arbeidsplass og forme arbeidsdagen slik eg vil. Her kombinerer eg PT-timar med behandling, samtidig som eg leiger meg sjølv ut til det lokale treningssenteret. Det er full fart kvar dag. Akkurat slik eg likar det.»
– Ane-Jørgine Frøyen, sjølvstendig næringsdrivande i Kalvåg fysioterapi og trening.


Stortrivst som lærar i Bremanger!
«Ny jobb i bremangerskulen har vore heilt topp! Dyktige kollegaer og kjekke elevar har fått meg til å føle meg veldig velkomen. Lærarjobben er krevjande, men ikkje overveldane. Det er ein fin balanse.»
– Simon Fonn Storevik, lærar ved Hauge skule.
It`s all about the fish
«Det beste med jobben min er at eg får innblikk i heile prosessen. Planlegging av produksjon, samtalar med kundar, organisering av logistikk, oppfølging og kvalitetssikring.
Sjølv om vi jobbar på ein liten plass som Kalvåg, er vi del av eit internasjonalt selskap som gjer ein forskjell i sjømatnæringa.»
– Jan André Røys Bolset, Produksjonsleiar i Pelagia Kalvåg
