Arbeidslivet i Kinn kommune
Lengst vest ligg Kinn. Her møter du eit robust og framtidsretta næringsliv, der maritime tradisjonar samarbeider med ny teknologi, industri og berekraftige løysingar. Oppdag ein variasjon av små og store arbeidsgivarar, små nok til at idear raskt blir handling – og store nok til å gjere ein forskjell. I Florø, regionssenteret i Kinn, kan du vere den som løyser maritime utfordringar og utgjer ein forskjell.
Grøn teknologi og kvardagsinnovasjon – Nor Tekstil leverer!
«Kor gøy kan vaskeri vere, tenker du kanskje? Veldig! Vi jobbar på kryss og tvers av landet, utviklar ny teknologi og bidrar til grøn omstilling. Her får eg utfordre meg kvar dag, og har eg idear eller innspel, viser leiarane interesse og lyttar til meg.»
– Therese Svortevik, Salsansvarleg nasjonalt kundesenter i Nor Tekstil


Her skjer det! Hav, tech og trøkk i Florø!
«Om du har lyst og engasjement, er det ikkje grenser for kva du kan vere med på i arbeidslivet i Florø! Vi har sterke tradisjonar frå havet, men også enorm innovasjon i tech, berekraft og industri. Her torer vi å ta sjansar, og derfor er vi langt framme i utviklinga.»
– Malin Steinset, HR-leiar i Bue Salmon.
Fiskefôr og framtid – her vil du jobbe!
«Vi har ikkje berre ein av verdas største fiskeforfabrikk i Florø, vi har også topp moderne teknologi og er tilknytt eiga forskaravdeling. Arbeidsmiljøet er godt og inkluderande, og trivselen så høg at veldig få sluttar.»
– Bjarte Trædal, Senior Operations Specialist i Cargill
