– Felles for alt eg har gjort, er trongen til å utforske. Eg har stadig hatt idear til ting eg har hatt lyst å prøve, seier Camilla Aasen.
Ho har vokse opp på Jølster med ein familie som ho skildrar som ein typisk «hauste, sanke, plukke»-familie. Pølser, flatbrød og syltetøy blei laga frå botnen av. Det var lenge sidan ho hadde budd heime, men i 2014 flytta ho tilbake til foreldra fordi ho var blitt praktikant på Nynorsk Avissenter i Førde. Mellom ripsbusker, solbær, nype og rognebær i hagen, blomstra det fram ein ny idè for Camilla. Fruktvin.
Kjem ingen veg utan pengar
Praktikantopphaldet i Sunnfjord tok slutt og Camilla flytta tilbake til Bergen. Ideen modna, og i 2018 flytta ho tilbake til Jølster. Ho skulle gjere alvor av draumen, og Vestavin AS blei oppretta. No måtte ho finne finansiering.
– Du kjem ingen veg utan pengar. Det kostar å starte noko nytt. Du skal ha råd til å dekke bedrifta sine utgifter, men også dine eigne. Det gjer det nok til ein terskel for mange å starte opp ei bedrift, forklarar ho.



Pengar styrer retninga
Camilla fekk støtte frå næringsfondet til Sunnfjord Utvikling til eit forprosjekt i 2019. Same år søkte ho om marknadsavklaringspengar frå Innovasjon Norge. Dei fekk ho. I 2021 fekk ho også innvilga søknaden om kommersialisering og vidareutvikling av forretningsmodellen (fase 3) hos Innovasjon Norge.
– Desse pengane har gjort det mogleg å gjere det eg gjer. Dei var heilt avgjerande for å komme i gang. Det blir sett krav til kva ein kan bruke pengane på, noko som også bidreg til å styre bedrifta i riktig retning. Du blir til dømes pressa til å fokusere på marknadsavklaring i starten og ikkje berre produksjonsutstyr. Det kan vere frustrerande, men det er òg ei nyttig øving.
Lære i fellesskap
Camilla har delteke på etablerarkurs med Innovasjon Norge, kurs for små og mellomstore bedrifter i regi Skatteetaten, Kapitaldag, og gründerkurs i regi Kunnskapsparken.
– For meg har det vore gull med slike kurs og nettverk. Du er der saman med andre i same situasjon. Sjølv om vi ikkje er innanfor same bransje, kan vi likevel lære mykje av kvarandre.
Likevel om ho har delteke i mange nettverk og fått innvilga fleire søknadar, meiner ho at det har vore utfordrande å få oversikt over støtteordningane.
– Spesielt i starten var det vanskeleg å finne ut kva eg kunne søke på. Det var uoversiktleg, vil eg seie. Heldigvis har eg jobba som journalist og veit at det berre er å spørje seg fram. Det trur eg er viktig for å lykkast, og eit godt tips til dei som vil starte opp noko.

Den første millionen
I 2024 passerte Vestavin ein million i omsetnad. Camilla skildrar det som ein stor milepæl for både ho og bedrifta.
– Det er jo på ein måte banalt å redusere alt som er gjort ned i pengar, men å bikke ein million var stort for meg. Det er eit heilt tydeleg tal som står der svart på kvitt.
Selskapet hadde ein emisjon i 2021 der Camilla fekk med investorar. Ifølge ho sjølv har det vore heilt avgjerande for å halde fram.
– Pengar er på ein måte blodet i bedriftsorganismen. Du må ha det, og det må flyte. Så enkelt er det. Om ein skal gjere det lettare for folk å skape i Sunnfjord, må ein gjere pengar meir tilgjengeleg. Om eg er så heldig å bli rik ein dag, så vil eg investere i andre sine bedrifter. Det er viktig for utviklinga her.
Fyll på kompetansen
Basert på eigne erfaringar, meiner Camilla at det er lurt å bruke tid og krefter på å sette seg inn i det som finst av støttemiddelapparat.
– Tenk nettverk med ein gong, då får du mykje «gratis». Ta kontakt med nokon som driv med det same. Det er viktig å ikkje stå heilt aleine. Plutseleg skal du lære deg alt frå økonomistyring, styrearbeid og personalansvar. Då kan det vere lurt å melde seg på eit kurs, sånn at det blir orden i sakene frå starten av.