Om oss
Bakgrunnen for å lage denne nettsida er eit ønske om å hjelpe næringslivet å lukkast med rekruttering. Vi treng fleire folk skal vi auke verdiskapinga og næringsutviklinga. Difor løftar vi no vekstregionen Sunnfjord som bu- og arbeidsområde.
Regionen omfattar kommunane Askvoll, Fjaler, Sunnfjord (kommune) og sørlege del av Kinn og Bremanger. Men våre gode naboar, Høyanger, Hyllestad og Gloppen, samspelar godt med livet i region Sunnfjord. Vi er alle gjensidig avhengig av kvarandre!
For næringslivet
Initiativet kom frå næringsutviklingsselskapet Sunnfjord Utvikling AS i 2022 på bakgrunn av ein nærings- og ringverknadsanalyse for regionen.
Analysen peika på fleire strategiske retningar for fornying og vekst og tilgang til arbeidskraft. Eit av fleire foreslåtte tiltak var ein tydelegare og sterkare kommunikasjon av dei komparative fortrinna bu- og arbeidsregionen vår har.
Denne nettsida er eit svar på det behovet. Målet har vore å gje særleg næringslivet, men også kommunane og andre verksemder i regionen, verktøy for å styrke vår posisjon og å gjere Sunnfjord meir synleg, anerkjend og attraktiv for utvalde målgrupper.
«Sunnfjordlaget»
Sunnfjordlaget er eit regionalt samarbeid for å styrke synlegheit, omdømme og attraktivitet i Sunnfjord-regionen. Gjennom entusiasme, vekstvilje, ambisjonar og lagånd skal vi bidra til god utvikling – for næringsliv, lokalsamfunn og framtidige generasjonar. Målet er å bygge ein sterk, samlande og attraktiv region. Med Sunnfjord-regionen meiner vi Askvoll, Fjaler, Sunnfjord (kommune) og sørlege delar av Kinn og Bremanger.
Her er kvifor vi treng nettopp det:
- Auka synlegheit: Saman står vi sterkare og kan skape meir merksemd enn kvar for oss.
- Styrka omdømme: Ein samla og tydeleg bodskap byggjer tillit og gjer regionen meir attraktiv.
- Betre rekruttering: Vi kan lettare tiltrekke oss den kompetansen næringslivet treng.
- Auka bulyst og besøkslyst: Ein attraktiv region er bra for alle som bur og driv verksemd her.
- Felles identitet: Vi byggjer stoltheit og samhald internt i regionen.
Kva inneber det å vere med på Sunnfjordlaget?
Vi skal bidra til god utvikling gjennom entusiasme, vekstvilje, ambisjonar og lagånd. Sunnfjordlaget vil bidra med gode pasningar til kvarandre, felles retning og samarbeide der vi kan.
Sunnfjordlaget skal:
- Sikre ein felles plattform for å løfte fram dei komparative fortrinna ved å bu og arbeid i regionen Sunnfjord.
- Samarbeide på tvers av verksemder og kommunar for å dele ressursar, satsingar, kompetanse og suksesshistorier.
- Tiltrekke seg arbeidskraft, nye næringsetableringar og kapital til regionen
- Utvikle og spre felles materiell og bodskap gjennom målretta aktivitetar, felles kommunikasjon og synlegheit i relevante kanalar
Slik kan du bidra
Her er tre konkrete måtar du kan bidra på for å sikre kraft og retning. Du kan bidra med ein eller fleire, avhengig av ønske og kapasitet:
- Emosjonell støtte: Engasjement og tru på at vi saman kan løfte regionen Sunnfjord. Velvilje til å tenke regionalt og dele suksesshistorier.
- Praktisk støtte: Deling av idear, nettverk og kompetanse, eventuell deltaking i arbeidsgrupper for konkrete tiltak. Aktiv bruk og deling av felles materiell og bodskap.
- Økonomisk støtte: Eit eingongsbidrag per verksemd avhengig av storleik.
- NOK 5 000,- for verksemder med fem tilsette eller mindre,
- NOK 15 000,- for verksemder med tal tilsette mellom 6 og 15 tilsette
- NOK 30 000,- for verksemder med fleire enn 15 tilsette.
- Midlane vil gå uavkorta til å finansiere felles kommunikasjonstiltak, utvikling av materiell (tekst, bilete, film) og synlegheit i relevante kanalar for å løfte Sunnfjord-regionen.
Vil du bli med i Sunnfjordlaget? Ta kontakt med ein eller fleire av desse!
Styringsgruppe i Sunnfjordlaget:
- Gunhild Berge Stang, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling – T: 97 65 37 85 E: gunhild.berge.stang@sunnfjord.no
- Andreas Fonn Macsik, dagleg leiar i Nytta AS – T: 90 51 71 73 E: andreas@nytta.no
- Linn Theres Nekkøy, dagleg leiar i Aksello AS – T: 95 82 00 63 E: linn@aksello.no
- Beate Grønnevik, COO i Hub for Ocean – T: 91 68 83 99
- Anniken Gjørøy, Askvoll Næringsutvikling
- Astrid Marie Vie, prosjektleiar i Sunnfjord Utvikling – T: 99 72 51 43 E: astrid.marie.vie@sunnfjord.no
- Anne Mette Hjelle, ekstern prosjektleiar, Ymsir AS – T: 99 28 43 02 E: annemette@ymsir.no
I redaksjonen:
Dei som har delteke i arbeidet med utvikling og innhald på denne nettsida er:
- Christel Eide, Nytta AS
- Karoline J. Vågsholm, Hub for Ocean
- Kristine Slettehaug, Framtidsfylket AS
- Marie Tefre Birkeland, Marie AS
- Oda Holmelid Sandvik, Mediebruket (utvikling)
- Anne Mette Hjelle, Ymsir AS (red.leiar)
Har du tips til innhald, ta kontakt.