Oppleve Sunnfjord > Arrangement
Festivalar og folkefestar
Festivalar er den ultimate sommaropplevinga, men her er det alltid ein fest. Fra april til november kan du finne ein fest på dei mest uventa plassar. Dei fleste kjem til same tid kvart år, nokre annankvart. Desse er innan rekkevidde.

Førdefestivalen 1.-5.juli 2026
Skandinavias største internasjonale festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk vert arrangert i veke 27 kvar år. Rundt 250 artistar frå heile verda har konsertar på 30 scener gjennom 90 ulike programpunkt, og kvart år kjem om lag 20000 besøkande. Sjekk også Førdefestivalen heile året.
Himmel og Hav
I juni brakar det laust med Kinnaspelet, Sildebordet, Laksens Dag og Musikkfestival, alt same helg i Florø og på Kinn. Det kjem til å bli enno ein fargerik og sjarmerande festival …

Foto: Teaterfestivalen i Fjaler/D.Zadig
Teaterfestivalen i Fjaler
Kvart år i september forvandlar Dale i Sunnfjord seg til ein scene for teater i alle former.
Teaterfestivalen i Fjaler skaper ein møtestad mellom kunsten og bygda, samtidig som den presenterer scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet. Festivalprogrammet inkluderer debattar, foredrag og varierte aktivitetar.

Skjærgårdstreffet i Askvoll
Velkomen til ei helg fylt med musikk, aktivitetar og moro i hjartet av Askvoll! Skjærgårdstreffet er ein årleg festival der både lokalbefolkning og tilreisande samlast for å feire sommaren med gode opplevingar.

Sommargry 5.-7.juni 2026
Sommargry i Hyllestad kickstartar sommaren med eit breidt spekter av aktivitetar og kulturarrangement i løpet av første helga i juni. Konserten i prestegardshagen laurdagen er ein av hovedattraksjonane.

Foto Balejazz
Balejazz 8.-10 mai 2026
Balejazz er jazzfestivalen som sidan 1990 har samla folk til musikk og liv i Balestrand. Her kan ein nyte både kjende og ukjende norske og internasjonale jazz- og pop-musikarar, maten og bygda.

Utkant
Festivalen starta som ei markering av at Konge-statuen, – den som eigentleg skulle stått på rådhusplassen i Oslo, men endte opp ytterst i havgapet i Gulen. No blir den feira kvart år, med store artistnavn fra inn- og utland, i nydelege Skjerjehamn.

Foto Glopperock
Glopperock
Glopperock er ein utandørs rockekonsert på Sandane, som har rocka sidan 1980. Etter det er festivalen arrangert årleg med kun seks unntak, hovedsakelig plassert andre helga i juni.

Våt moro
Havsportfestivalen er skapt og driven av lokale eldsjeler, for å skape leik og moro i eigen heimby, Florø.

Foto: South Coast Creative
Havblikk
Reis ut i havgapet og opplev Havblikk musikkfestival på Fanøy utanfor Florø. Dette er ein intim musikkfestival der du kan oppleve både etablerte og nye artistar i spektakulære omgjevnader. Festivalen er lokalt forankra og bidrar til stoltheit, fellesskap og kulturliv i ytterkant av distriktet.
