Oppleve Sunnfjord

Mat og drikke

Sjølv den dyktigaste og sterkaste treng mat og drikke for å fungere og yte sitt beste. Her er fisk i fjorden og hjort i skogen. Den naturbane Sunnfjordingen treng uansett ikkje å gå langt for eit godt måltid.

Maten

Hausten er tid for fårikål, hjortekjøt og sauehaue. – ja du las rett. Flådde og tørka sauehaue er ein spesialitet i Sunnfjord, ofte også røykte og svidde. Finn deg eit smalahovelag og bli med på middag på ein rustikk restaurant, eit minne for livet. Frysane er fulle av hjortekjøt ute på bygda. Får du sjansen, bør du smake ein perfekt steikt hjortebiff, gjerne med sjølvplukka sopp, eller ei smakfull hjortegryte.

Torsdagar står det raspaballar på menyen, her heiter det ikkje komler. Då handlar det ikkje om kven som har den koselegaste cafèen, men dei beste raspeballane.

Til jul blir det pinnekjøt eller torsk. Pinnekjøtet er normalt av sau, kanskje til og med av villsau. Røykt eller ikkje røykt er ei smakssak. Mange lagar også smakfullt pinnekjøt av svin. Det skal være surkål og kålrabistappe til.

Skroll nedover for fleire unike opplevingar.

Drikke til maten

Det blir laga mykje godt drikke i Sunnfjord. Det er tradisjon for å hauste bær og frukt, sylte og safte, – og brygge øl. At ein òg produserer vin her, er kanskje mindre kjent.

Eigen produksjon av råvarer på Vingarden på Jølst, opna dørene for produksjon av fruktvin på garden. Hos Vestavin kan ein komme og oppleve vinsmaking, omvising, vinkurs, matservering, møter eller seminar, utdrikkingslag, julebord eller berre kjøpe med seg nokre flasker.

Sunnfjord har sitt eige bryggeri. Kinn bryggeri held til i Florø og bryggar i følge dei sjølve «klassiske handverksøl mellom bakkar og berg.» Kva med juleølsmaking på den koselege ølkafèen Vesle Kinn, eller pubkveld i havgapet i det gamle ishuset på Fanøy, Batalden Ishus

Unike matopplevingar

Våren og sommaren er det havets delikatesser som er tingen. Når Tønna i Bygstad arrangerer «Havets festbord» fra juni og ut august, kjem folk fra alla kantar, men det er og mogeleg å bli med på julebord. Kraftverket restaurant på Jølstraholmen er eit anna eksempel på at du kan få smakfull og god mat ein stad der historia sit i veggane. Prøv også Jølster-auren på Låven på Vassenden.

Få med deg eit arrangment med tradisjonell mat fra lokale og ferske råvarer med Dalsfjordmat i det koselege naustet på Tross i Dale i Sunnfjord, hos Batalden Ishus på Fanøy, eller ta ein lunsj eller ein heilaften på Røyst mat og vin i Førde. Røyst finn du i Nynorskhuset i Førde saman med mellom anna Teater Vestland.

Knutholmen på Kalvåg i Bremanger er eit reisemål i seg sjølv. Knutholmen er eit familiedrive hotell der heile familien Fosse i tre generasjonar har sørga for at alle sansane blir fóra. I tillegg til å servere god mat og drikke, bidrar dei til å ta vare på kystkulturen og kysthistoria.

Gardsturisme og gardsmat finn du fleire stader: Lending Gard i Flekke, Yndestad Gard på Guddalen, Redal Gård og Helle Gard i Naustdal, Flatheim servering og gardsutsal på Viksdalen, Reksta Villsau utanfor Florø, og heilt sikkert mange fleire.

Hos Askvoll Delikatesseforretning ute på «gamlekaia», får du fersk fisk, skaldyr og på fredagar også sushi! (best å bestille) Du kan få langtidsheva ferske brød, ostar og skinke, deilige salatar og allskens herlegheiter.

Ei anna overrasking er Leonards Forlaavelse med døgnopen ostebutikk, der ingen kunne tru, på Hellevik. Sjekk for neste arrangement med bugnande buffeet i den koselege og intime løa. Her er det òg mykje for dei som er interessert i interiør.

Få med deg fleire unike matopplevingar frå VisitFjordkysten og Sunnfjord

Få med deg fleire unike matopplevingar frå VisitFjordkysten og Sunnfjord