Oppleve Sunnfjord

Mat og drikke

Sjølv den dyktigaste og sterkaste treng mat og drikke for å fungere og yte sitt beste. Her er fisk i fjorden og hjort i skogen. Den naturbane Sunnfjordingen treng uansett ikkje å gå langt for eit godt måltid.

Unike matopplevingar

Om våren og sommaren står havets delikatesser høgt i kurs. Når Tønna i Bygstad arrangerer «Havets festbord» fra juni og ut august, kjem folk fra alla kantar. Kraftverket restaurant på Jølstraholmen er eit anna eksempel på at du kan få smakfull og god mat ein stad der historia sit i veggane. Prøv også Jølster-auren på Låven på Vassenden.

Får du moglegheit, så få med deg eit arrangment med tradisjonell mat fra lokale og ferske råvarer med Dalsfjordmat, aller helst i det koselege naustet på Tross i Dale i Sunnfjord. Det same gjeld maten på Håjen Kafé på garden Slettehaug ved Førdefjorden. Råvarene kjem frå garden og området rundt. Her blir det blir flittig dyrka og sanka råvarer. Det dei ikkje produserer sjølv, handlar dei av lokale leverandørar eller andre småskalaprodusentar.

Knutholmen på Kalvåg i Bremanger er eit reisemål i seg sjølv. Knutholmen er eit familiedrive hotell der heile familien Fosse i tre generasjonar har sørga for at alle sansane blir fóra. I tillegg til å servere god mat og drikke, bidrar dei til å ta vare på kystkulturen og kysthistoria.

Gardsturisme og gardsmat finn du fleire stader: Lending Gard i Flekke, Yndestad Gard på Guddalen, Redal Gård og Helle Gard i Naustdal, Flatheim servering og gardsutsal på Viksdalen, Reksta Villsau utanfor Florø, og heilt sikkert mange fleire. Flatheim servering og gardsutsal har i tillegg til matopplevingar, også hotellovernatting i stemningsfulle gamle, men tilflytta og restaurerte hus.

Hos Askvoll Delikatesseforretning ute på «gamlekaia», får du fersk fisk, skaldyr, -og på fredagar også sushi! (best å bestille) Du kan få langtidsheva ferske brød, ostar og skinke, deilige salatar og allskens herlegheiter.

Ei anna overrasking er Leonards Forlaavelse med døgnopen ostebutikk, der ingen kunne tru, altså på Hellevik i Fjaler. Sjekk for neste arrangement med bugnande buffeet i den koselege og intime løa. Her er det òg mykje for dei som er interessert i interiør.

I Førde er det komne fleire spennande og gode restaurantar. Her er dei ti beste.

Finn fleire unike matopplevingar frå VisitFjordkysten og Sunnfjord

Skroll nedover for meir om mat og drikke.

Drikke til maten

Det blir laga mykje godt drikke i Sunnfjord. Det er tradisjon for å hauste bær og frukt, sylte og safte, – og brygge øl.

Sunnfjord har sitt eige bryggeri. Kinn bryggeri held til i Florø og bryggar i følge dei sjølve «klassiske handverksøl mellom bakkar og berg.» Kva med juleølsmaking på den koselege ølkafèen Vesle Kinn, eller pubkveld i havgapet i det gamle ishuset på Fanøy, Batalden Ishus

Matvarene og tradisjonane

Sunnfjord er kjent for sitt grøderike landskap og landbruksnæringa er framleis stor her. Det er likevel ikkje sjølvsagt at ein får lokalproduserte matvarer i butikkane. Helddigvis aukar nteressa for å sanke og produsere eigen mat, også her. Her er noko av det som er typisk å ete i Sunnfjord:

Rabarbra: Dette er ein av dei første «fruktene» som kan haustast på våren og som vert brukt i syltetøy gjerne i kombinasjon med rips, i paiar, kompottar og andre dessertar.

Ville vekstar og vårgrønt: Den vestlandske varianten av kvitlauk er ramslauk, og denne veks vilt over alt. Fleire har fått augene opp for ville vekstar som nettopp ramsløk, men òg løvetann og brennesle. Desse vert og nytta i småskala lokalmatproduksjon. Ein slik produsent er Mor Villrose i Holmedal.

Sopp og molter: Ikkje forvent å få vite om dei gode sopp og molteplassane. Desse held vi hemmeleg.

Laks, aure og skaldyr: Fisket i Jølstra og andre elvar startar opp om våren, og fersk elvefisk er ein delikatesse. Å dykke ned og hente kamskjel eller tømme rusa for krabbe og hummar på hausten, er ein anna luksus ein har her ute på fjordkysten.

Rømmegraut og spikjekjøt: Det blir ikkje 17.mai utan rømmegraut og spikjekjøt.

Torsdag og raspeballar: Kjært barn har mange navn, men her heiter det altså raspeballar, og ikkje komler. Torsdagar står det raspaballar på menyen, og då handlar det ikkje om kven som har den koselegaste kafèen, men dei beste raspeballane.

Kje og lam: Våren er tida for ferskt kjekjøt og lam frå lokale gardar i Sunnfjord og Fjordkysten. På hausten er sauekjøtet populært i fårikål og sosekjøt.

Sauehaue!-ja du las rett. Flådde og tørka sauehaue er ein spesialitet i Sunnfjord, ofte også røykte og svidde. Om hausten er det tid for smalahovelag. Bli med smalahovemiddag på ein rustikk restaurant. Det blir eit minne for livet.

Hjortekjøt: Frysane er fulle av hjortekjøt ute på bygda. Får du sjansen, bør du smake ein perfekt steikt hjortebiff, gjerne med sjølvplukka sopp, eller ei smakfull hjortegryte.

Pinnekjøt: Til jul er det mest vanleg med pinnekjøt. Pinnekjøtet er normalt av sau, kanskje til og med av villsau. Røykt eller ikkje røykt er ei smakssak. Mange lagar også smakfullt pinnekjøt av svin. Det skal være surkål og kålrabistappe til.

Naturbant fellesskap: På Prestebøen i Førde finn du Nærmiljøhagen. Sjølv om Sunnfjord er ein region med mykje landbruk, er det mange som ikkje lenger produserer eigen mat. Ved å ta i bruk grøntområde rundt kommunale bygg, anlegg, parkar og grøntområde som ligger brakk, kan ein dyrke mat i fellesskap, og lære av kvarandre. Prosjektet heiter Grøderike Sunnfjord. Tanken er at det skal komme fleire slike nærmiljøhagar.

Få med deg fleire unike matopplevingar frå VisitFjordkysten og Sunnfjord