Gode møteplassar
«Bli med på den lokale dugnaden og still opp som frivillig. Ikkje berre gjer det godt å bidra, men du blir også ein del av lokalmiljøet på rekordtid.»
– Rolf Golten Andersen, alias KOKOSBANANAS

U40
Sunnfjord U40, Flora U40 og Fjaler U40 er møteplassar for unge under 40 som bur eller har tilknyting til Sunnfjord og Fjaler. Her kan du være med å bygge nettverk, dele idéar og skape bulyst saman. Er du ny i Sunnfjord, er dette ein bra plass å få nye venner. Meld di interesse på nettsidene sunnfjordu40.no eller fjaleru40.no (nettside kjem)
Førdehuset
Førdehuset er eit regionalt kulturhus, med konsertsal for dei store navna, teater og eit samla kulturtilbod ein storstad verdig. Under samme tak finn ein symjehall, idrettshall, kino og bibliotek. Ikkje nok med det. I kjellaren held tre verkstader til. Ein for tekstil, ein for keramikk og ein for tre-arbeid. Formålet er å halde kunnskapen levande, og samtidig skape rom for skaparglede og fellesskap.


Jakob Sande – Senter for forteljekunst
Jakob Sande fra Dale i Sunnfjord var poeten som kunne skrive både vakkert og voldsomt. I dag er Jakob Sande – senter for forteljekunst, eit nasjonalt senter for munnleg og skriftleg forteljekunst. Ein kan melde seg på litteraturakademiet, som er eit akademi for alle som vil utvikle eigne evner til å lytte, til dialog, til å fortelje, skrive, samhandle og skape. Senteret har mange arrangement for folk flest i løpet av året, ein koseleg cafe og bokhandel i gamle skulestova, ei løe til leige og diktarar i residens på Steia Gard.
Samvirket
Samvirket i Dale er eit (kultur)hus fylt med liv og røre. Her er det ofte konsertar og foredrag. Her er møteplass for ungdom, utleigesentral for utstyr, produksjonslokale for teater og andre uttrykk, studio for innspeling av podkast, storsal med profft lydanlegg og elles plass til ulike arrangement
