Turar og aktivitetar
Kvar kan ein møte Sunnfjordingen? Hen er ganske aktiv og held på med mykje forskjellig. Du kjem ikkje til å mangle tilbod uansett kor i Sunnfjord du vel å bu. Så kven er du?

Foto: South Coast Creative
Badenymfa
Sunnfjord, har eit kystlandskap som sjelden frys til is, noko som gjer bading i sjøen mogeleg året rundt. I Dale i Sunnfjord kan du bli med i «Dalsfjordduppen», men dei er neppe einaste alternativet. Bading i kombinasjon med sauna/badstu er ein vinnar. Du finn dei på Skei, i Florø, i Kalvåg, Førde og Dale i Sunnfjord, men det kjem nok fleire. For deg som vil ha det litt varmare i vatnet, kan terapibassenget i Førde (helsetunet), bassenget i Førdehuset, Havhesten i Florø eller søndagsbadinga på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (Flekke) være veldig gode alternativ. Det fins babysvømming, familiebading, voksenbading, morgonsvømming og nybyrjarkurs.
Du finn dei nydelegaste strendene i Bremanger, med Grotlesanden og Vetvika som to av dei mest kjende, elles er det berre å søke opp nærmaste badevik.
Dansaren
I Førde finn du Danseverkstaden, ein stad for små ballerinaer, tøffe hip hop dansarar og andre som berre vil danse. Sjekk ut Sunnfjord Salsa. I kvar ei bygd finnes det ellers eit bygdeungdomslag som har alt fra folkedanskveldar til boogie woggie kurs.

Foto: Sunnfjord Utvikling

Foto:John Sverre Øen
Dykkaren
Sunnfjord tilbyr svært gode forhold for dykking. Her er naturdykking med god artsrikdom, vrakdykking og spennande dykketerreng som tareskog og vegger. Sjekk ut Florø Froskemannsklubb, Korssund Dykkeklubb eller Gulen Dive Resort
Fjellgeita
På hausten eksploderer Sunnford i haustfargar, og fjella er fulle av “fjellgeiter”, likevel utan kø-tendensar. Indre Sunnfjord Turlag, Flora Turlag og Keipen turlag har mange gode tips til fine fjellturar. Dei arrangerer også fellesturar og helgeturar, som er ein fin måte å bli kjend med Sunnfjordingar og tilflyttarar. På våren er det populært å være med på Tituren Sunnfjord og Tituren Dalsfjorden med sine utvalde toppturar. På Ut.no er det berre å søke på kommunane fra Askvoll til Bremanger, så har du eit hav å velge mellom. Utforsk Barnas Turlag som har aktivitetar for barn og familiar i heile Sunnfjord eller Bre- og Fjellsport gruppa om du vil ha litt større utfordringar.

Foto: Fjordkysten og Sunnfjord

Foto: Førde Klatresenter
Klatraren
Ikkje den sorten med spisse albogar, men den som faktisk klatrar i fjell og hall. Førde klatresenter tilbyr tauklatring, buldring, kurs og fasilitetar som passar både for vaksne og born. Med autobelayveggen kan ein til og med klatre utan partnar. Florø Klatreklubb har klatreruter tilrettelagt for klatrarar i alle aldrar og på alle nivå. På sommaren klatrar dei utandørs i Grytadalen – eit bolta klatrefelt med ruter i ulike vanskelighetsgrader. Dale IL klatregruppa og Svint IL organiserer klatring i klatreveggen på Hauglandsenteret i Flekke, med samkøyring til og frå Dale. Jølster tilbyr klatring i vill og urørt natur. Her kan du klatre ruta som har fått navnet Astrupeggen.
Sangfuglen
Å bli med i kor er ein fin måte å få venner på. Førde har kora “Kor Før`de”, Kvitre og Buldre. Florø har Gnist og Brandsøykoret. I Eikefjorden kan du synge med Koriander. I Askvoll kommune finn ein Atløy Koret, og i Fjaler desse:
Cantus, Dekor og Guddalskoret. Og Atløy koret ligg naturlegvis på Atløy.

Foto: Fjordkysten og Sunnfjord

Foto: Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Skiløparen og skibomsen
Når snøen kjem er det fine preparerte løyper på Langeland. Langeland Skisenter har lysløype så ein kan gå tur på kvelden. Om du søker snøkledde fjelltoppar og skiheis kan Jølster by på det. Jølster skisenter blir drive av lokale dugnadshelta. Her er fantastisk flotte forhold for både randonee og toppturar, med løyper som passar for heile familien, og nybegynnaren.
La FjordNorge inspirere deg med denne artikkelen om det uventa skiparadiset.
Skyttaren
Sunnfjord er full av flinke skyttarar og det kjem kanskje av at mange av dei er hjortejegerar. Sunnfjord Samskyttarlag omfattar skyttarar frå alle skytterlaga i heile Sunnfjord, og nabokommunane Hyllestad og Solund. Mange deltek på Landsskyttarstemnet. For å trene og bli gode fra tidleg alder finst det skytebane i nesten alle bygder, men i Dale har dei ei innandørs skytebane i Fjalerhallen, som er bygd spesielt for formålet. Fasilitetane på Grovastøylen skyte- og aktivitetssenter er likevel i særklasse, noko Florø, Brandsøy og Eikefjord skytterlag nyt godt av.

Foto: Tom Vegar Feldtstykke.

Foto: Fossheim Studio
Springaren
Sunnfjordingen er generelt ganske aktiv og det er mange løp å delta på. Her er Jølster Maraton, Hestane Skyrace (som ikkje er for hestar), Enivest Sunnfjord Ultra fra Førde til Rivedal med fleire. I Florø kan du springe Florømila Rett Vest, Florø Maraton eller være med på Florøleikane. I Løpegruppa FloRøn spring ein ikkje aleine, men er vorte ein møteplass for tilflyttarar og lokale. Det vil ellers alltid finnast eit idrettslag nær deg.
Sportsfiskaren
Sunnfjord er eit eldorado for fiske i elv, sjø og innsjø. Når du bur her har du alltid kort veg til ei lakseelv, ørretfiske eller gode fiskeplassar lenger ut mot havet. Vi nevner i fleng; Flekke- og Guddalsvassdraget, Gaularvassdraget, Osenelva, Nausta, Jølstra og Jølstravatnet. For fiske i elv og innsjø, må ein som regel ha fiskekort.
Kjelder: efan.no og lakseelver.no

Foto: Eivind Fossheim

Foto: Lillian Herland.
Syklisten
Det går både oppover og nedover, og gjerne ut på landevegar. Og nokre vegar går ut mot havet. Å sykle Værlandet – Bulandet er ein populær aktivitet for tilreisande og Sunnfjordingar.
Tips til turar
Alle kommunane i Sunnfjord har ei dagsturhytte, og alle ligg vakkert til. Hyttene er opne og tilgjengeleg for besøk, og er ein fin plass å ete nista si, lese ei bok eller berre slappe av litt før heimturen.
Turar med born
På mange av turane i fjell og mark passar det fint å ha med borna. I tillegg har Barnas Turlag aktivitetar for born og familiar i heile Sunnfjord.

Foto: Fjordkystgen og Sunnfjord