Skape i Sunnfjord
Forsking tyder på at natur gjer oss meir kreative. Nettopp derfor er Sunnfjord ein perfekt stad til å både skape og vidareutvikle bedrifter. Selskap som Tibber, Evoy og Eduplation er født her, og heile regionen er rigga for fleire suksessfulle bedriftseventyr.
Lettare å bli lagt merke til
« For vår del har det vore ein fordel å starte bedrifta i Førde framfor ein større by. Her blir du lagt merke til på ein litt annan måte. Både i media, blant investorar og på arbeidsmarknaden. For ein investor i Silicon Valley spelar det inga rolle om byen er Førde eller Oslo. Begge deler er like eksotiske for dei».
– Edgeir Aksnes, gründer av Tibber


Du startar, vi heiar!
Som gründer kjenner du sikkert på trongen til å utforske. Skape, prøve, feile, og finne ut kva som fungerer. Det er meir enn nok å bruke tida si på når du vil bygge di eiga bedrift. Vi vil gjere det enklare for deg å finne fram i jungelen av støtteordningar. Her har vi samla fleire av dei, slik at du kan bruke tida di på det som betyr mest: å realisere ideen din.
Med vin i segla
Ho har budd på tre kontinent og utforska verda med opne auge. Men det var først heime i Sunnfjord ho fann prosjektet som verkeleg fekk det til å krible.
Her deler Camilla Aasen erfaringane sine om korleis støtteordningar og gode nettverk kan gjere idear til draumar som blir realisert.

Foto: Ida Eim, Fjordkysten og Sunnfjord

Starthjelp for gründerar
Det kan vere overveldande å starte for seg sjølv. Kven bør du snakke med? Kva er neste steg? Vi har laga ei oversikt til deg som kan gjere det hakket lettare å navigere i oppstartjungelen.

Fellesskap og skaparmiljø
Det treng ikkje vere einsamt å vere gründer. I Sunnfjord har vi fleire levande skaparmiljø der du kan dele idear, få fagleg sparring og bygge nettverk.

