Fellesskap og skaparmiljø
Jobb aleine, saman med andre. Å starte bedrift handlar ikkje berre om ein idé. Det handlar om å ha gode folk rundt seg. I Sunnfjord finn du levande miljø for samarbeid og utvikling.
Magien skjer mellom kaffikoppane
« På Peak Sunnfjord skjer magien mellom kaffikoppane. Her finn du gira gründerar, folk som har tatt med seg jobben hit frå andre stader i landet, og tilsette i etablerte bedrifter. Det er når desse ulike perspektiva møtast at ideane begynner å spire og nye samarbeid blir til.»
– Elisabeth Kjerstad Bøe
