Starthjelp for gründerar
Det kan verke både skremmande og overveldande å starte si eiga bedrift. Vi vil hjelpe deg med å realisere draumen og har samla nyttig informasjon slik at du lettare får oversikt over moglegheitene.

Aksello – Kinn
Aksello er ein regional inkubator og næringsutviklar som støttar deg som gründer frå idé til vekst. Med tilbod som inkubatorprogram, næringshage og rådgjeving hjelper dei deg å utvikle forretningsidéar, finne investorar og bygge nettverk.

Foto: Marianne Furevikstrand, Bygdeavisene
Askvoll kommune – næringsrådgjevar
Som gründer i Askvoll kan du ta direkte kontakt med kommunen sin rådgjevar innan næringsutvikling. Dette er ditt første stopp for råd og rettleiing rundt etablering og vidare vekst.
Kontakt: Arve Åsnes, 41 55 32 75

Innovasjon Norge
Vekst- og gründersenteret har kontor på Peak Sunnfjord. Dei veit kva som må til for å sette idèen din ut i livet. Hos dei kan du få verdi i form av økonomisk støtte, men også verdifull rettleiing og gode råd.

Kunnskapsparken Vestland
Kunnskapsparken Vestland hjelper deg frå idé til verksemd. Dei tilbyr rettleiing, nettverk, finansiering og mentorstøtte, slik at du tryggare kan realisere drømmen og få ideen din til å vekse.
Med vin i segla
Ho har reist verda rundt og budd i både Wales, Ecuador og Kina, men det var heime i Sunnfjord ho fann prosjektet som verkeleg fenga henne.
Felles for alt eg har gjort, er trongen til å utforske. Eg har stadig hatt idear til ting eg har hatt lyst å prøve, seier Camilla Aasen.


