Næringsområde
Samarbeid er eit stikkord du høyrer ofte i regionen vår. For nettopp det er vi gode på. Vi har drivande dyktige folk som kan vere kommande samarbeidspartnar for nettopp deg og di bedrift.

Fjord Base Gruppen
Noregs største forsyningsbase. Det er ein dynamisk arena for både olje-, gass- og fornybar energi. Her får bedrifter tilgang til topp moderne fasilitetar og eit miljø for samarbeid, innovasjon og vekst.

Sunnfjord Næringspark
Sunnfjord Næringspark på Moskog er eit område i utvikling der fleire spennande bedrifter snart etablerer seg. Her får framtidige aktørar moglegheit til å samarbeide, dele ressursar og skape eit dynamisk næringsmiljø i Sunnfjord.

Campus Verftet
Ein arena for innovasjon. Øyrane i Førde er ein regional arena for innovasjon og utvikling innan robotikk, automasjon, elkraft, bygg og helseteknologi. Her samarbeider studentar, forskarar og næringsliv for å utvikle nye løysingar og teste teknologi i praksis.

Lutelandet
Lutelandet er eit grønt industriklyngje i utvikling, med tilgang til djupvasshamn og fornybar energi frå vasskraft og nærliggande vindpark. Området tiltrekkjer seg innovative aktørar innan hydrogen, offshore vind og grønn stålproduksjon, og legg til rette for industrielt samarbeid og berekraftig vekst.