Studere i Sunnfjord
Visste du at HVL har eigen Campus i Førde? At vi har den nest største vidaregåande skulen i Vestland fylke? Ein eigen Montesorri-skule i Askvoll? Eit internasjonalt college i Fjaler? Ein fagskule med høgare yrkesfagleg utdanning?

Utdanning
Sunnfjord har to høgskular for studentar som vil inn i sjukepleien eller ingeniør-/teknologifag, Fagskulen Førde og Høgskulen i Vestland. Her kan du gå heile vegen frå årsstudium, bachelor til master. Studia har miljø med stor grad av innovasjon og utvikling, m.a. innan robotikk.
Førde har no også blitt ein del av “Vestlandslegen” – eit desentralisert studietilbod frå Universitetet i Bergen der legestudentar kan ta siste åra av medisinutdanninga i Førde.
Studiesenter Kysten tilbyr desentralisert utdanning og studenthub’ar m.a. i Askvoll, Fjaler, Florø, Hyllestad og Høyanger.
Grunnskule og vidaregåande
Sunnfjord har mange barne- og ungdomsskular, men også tre vidaregåande skular med mange ulike liner, både studiespesialiserande og yrkesfaglege.
Vidaregåande skular:
- Florø vidaregåande skule
- Førde vidaregåande skule
- Dale vidaregåande skule
- United World College i Flekke
Førde vidaregåande skule er den nyaste og blant dei
største i Vestland med over 1000 elevar.
