Verktøykasse for Sunnfjord

Har du sakna foto, video, visuelle verkemiddel, historier og fakta om Sunnfjord-regionen i kommunikasjonsarbeidet ditt? Vi har laga ei verktøykasse for nettopp deg!

Merkevarestrategi for region Sunnfjord

Utforsk den nye merkevarestrategien for Sunnfjord og sjå korleis vi kan styrke identiteten vår saman.

Merkevare Sunnfjord er utvikla for å styrke identiteten til regionen gjennom samarbeid og tydeleg kommunikasjon. Målet er å tiltrekke oss nye innbyggjarar, besøkande og bedrifter, og bygge lokal stoltheit.

Her finn du strategien, manualen og filene. Men i tillegg kan du sjå korte videoar med ein kommunikasjonsfagleg gjeng som har utforska korleis merkevaren kan brukast i praksis. Dei gir sine råd på ulike område:

Råd og tips om bruk

Treng du foto og/eller video?

Vi har samla foto og video frå Sunnfjord i ein bildebank som du kan bruke. Det einaste vi krev er at du krediterer fotograf eller den verksemda som har gjort dei tilgjengelege.