Oppleve Sunnfjord

Arrangement

Ta del i det som skjer, – og finn det før det skjer. Det skjer saker og ting heile tida, det gjeld berre å finne fram til det som interesserer deg.

Dette skjer no

Ein bra stad å finne ut kva som skjer i Sunnfjord og nabokommunane er gjennom foreningsportal.no. Kalenderen viser aktivitetar i ditt lokale idrettslag, bygdeungdomslag og andre lag. I Friskus finn du endå nokre arrangement for Kinn. For Førde, Naustdal, Skei og dei andre plassane i Sunnfjord kommune er den beste kalenderen Sunnfjordkalenderen.

Festivalar og folkefestar

Festivalar er den ultimate sommaropplevinga, men her er det alltid ein fest. Fra april til november kan du finne ein fest på dei mest uventa plassar. Dei fleste kjem til same tid kvart år, nokre annankvart. Desse er innan rekkevidde.